Litt av kvart ( Det er fleire sider, sjå øverst.)

Vyrde lesar.

Du får her ein glytt inn i mi kunstnarverd. Eg har frå barndomen hatt interesse for kunst. Som autodidakt (sjølvlærd) var dei fyrste stega nokså vaklande. Men det er nå dei ein lærer av og lærdomen har eg teke med meg. For mange år sidan  fyllte eg varebilen opp med maleri og kjørde til Oslo for å få korrektur av den dyktige lærar og kolorist Jørgen Dukan. Det var særs nyttig. Han viste feil som eg gjorde ,- og eg såg det sjølv og med det same. Eg fekk nå den ros av Dukan at "eg var ein av dei få som hadde forstått det." Lærdomen tok eg med meg. Eg har atelier i Dirdal der eg bur. Livet har og lært meg at ein aldri skal sjå ned på dei som aldri fekk høve til å utvikla dei evnene dei hadde. For dei fleste måtte plikter og arbeid  prioriterast. Det gjeld ikkje minst dei generasjonane før oss. Eit ord av apostelen Peter kan her vera på plass her".No skjønar eg i sanning at Gud ikkje gjer forskjell på folk,  men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er". Acta 20.34

Alle mine maleri er malt på høgkvalitets-linlerrete og med høgkvalitetsfargar.

Trykk på maleriet så får du det større.

Lukke til.

Venleg helsing. Odd Dubland, Torgveien 3. 4330 Ålgård

tel.91149396 e-mail odddubland@gmail.com

 

 

Kilen. 70x60

Kveldstemning ved sjøen. 73x130cm. Olje på Claesson AC lerrete. MMXVI.IIX

Med venleg helsing

Odd Dubland

Trykk på småbileta, så får du sjå dei større.

  • Frå Hellestø, Sola Trykk på dei små maleria.

  • "Petrus"

  • Båt i storm.

Vatn er alltid facinerande.

  • Månafossen i Frafjord

  • Siste reis

  • Stilleben

  • På skuleveg.

  • Å Vestland, Vestland.

  • Bodlesteinen. Strandmotiv frå Varhaug. Skal på Lerbrekksutstillinga.

  • "Restauration".

    Seilte i 1825 frå Stavanger til Amerika med 52 mennesker ombord. Dei var 53 då dei kom fram. Eit barn vart fødd ombord. Ferda varde ca.3mnd.

  • Det duftar barbersåpe.

  • Hausten er ei vakker og vemodig tid.

  • Gamle bøker. Det kan vera mykje godt i dei.

  • Stille dag ved sjøen

    Det er ofte godt å mala eit bilete der sola står litt lågt.

  • Fin sommardag.

    Norge er eit vakkert land.

  • Vegen til stølen

    I Dirdal dreiv dei stølsdrift i eldre tider. Det er ufatteleg at dei kunne få kyrne opp gjennom dei bratte fjella. Vegen her er nå i det lette partiet.

  • Frå Hellestø.

    Hellestø ligg i Sola kommune. Eit vakkert område med både fjell og lange sandrstrender.

  • Havglitter.

    .

  • Frå Hunnedalen

    Motivet er henta frå Hunnedalen, omlag 5 km frå der eg bur.

  • Frå Lone-elva

    Det er ofte krevjande å mala rennande vatn der botnen er synleg. Her er eit forsøk.
    Maleriet skal på Lerbrekksutstillinga