Dette synet møtte oss då vi kika ut stoveglaset 11.okt.kl14,50
Det høver med eit ord frå 1.Mos.9.Og Gud sa:
«Dette teiknet set eg
for pakta mellom meg og dykk
og kvar levande skapning som er hos dykk
i komande slekter til alle tider:

Eg set bogen min i skyene,
han skal vera eit teikn på pakta
mellom meg og jorda.

Når eg samlar skyer over jorda
og bogen syner seg i skyene,

då vil eg koma i hug pakta
mellom meg og dykk
og kvar levande skapning,
alt kjøt og blod.
Aldri meir skal vatnet bli til ein storflaum
som øydelegg alt kjøt og blod.

Kunstnaren

Tenk kor gildt å kunstnar vera

Få seg eit namn å vinna æra

Det vil mange prøva seg på

Men evnene kan vera så som så.

Og når dei ikkje maktar å skapa det dei vil

Skaper dei seg sjølve til

Går omkring med rare briller

Pyntar seg med tom griller.

Det gjeld å ha dei rette venner

Som I det høge råd bestemmer-

Kva som er kunst og kva inkje er

Langt over hovudet til Kari og Per.

Og har dei litt lite til maten

Så hjelper eit stipend I frå staten

Så har dei litt til livnaden

Sjølv om det er mindre med givnaden.

 

Men vil du ein skapande kunstnar vera

Så hugs at det kan du aldri læra.

Det må frå ditt hjarta koma

Du kan ikkje leiga eller låna.

Du må inn I ein skule stiga

Der ingen vil gå og ingen seg likar.

 

Det er angsten I natta myrke

Det er redsle for å missa sin styrke

Det er på sitt vemod kjenna

Det er å grua for alt som kan henda

Det er tapet av far og mor

Det er barnet du miste I fjor

Det er ho som du ikkje fekk

Ho som til ein annan gjekk

Det er otten for den løynde brest

Eg i angsten ottast mest.

Det som ingen kan sjå

Det ligg ikkje utanpå

Det er voner utan vengjer

Det er brostne sjelestrenger

Det er å aldri bli forstått

Det er gråten bak kvar ein lått

Hjarta må i sorga prøvast

Gullet må i varmen glødast

I denne loge må du hivast

Skal kunstnaren i deg skirast.

 

Odd Dubland 1996