Stort strandmaleri

80x120cm er stort og utfordrande å mala. Men det er av og til gildt å prøva seg på store format.

“Enhver klodrian kan beundre Hardanger, men kom til Jæderen, her har vi natur for viderekomne.” (Alexander Kielland)

Havsteinane 70x80

Ei gong var dette eit maleri med fjellmotiv. Men det var liksom så sjel-laust. Eg har mala det på nytt. 3 gonger. Fjella ser du ikkje meir, men eg er meir nøgd nå. Det er ikkje gildt å stilla ut eit maleri som ein er 85% nøgd med.

Fjellbekk

Fjellbekken. 80x70cm. Trykk på biletet, så får du det større.

Skogselv.80x120cm.

Det hender at eg finn att "gamle" maleri som eg har på lager på grunn av manglande utstillingsplass. Her er eit av dei. Skogsmaleri 80x120 cm. Eg måtte få meir dreis på bekken som var litt tam. Maleriet er frå 2010 og er revidert idag 2,febr 2014. Eg er meir nøgd nå.

Vendis forlis

Det har vore mange forlis på Jærkysten. Etter havari dreiv det ofte inn stor mengde vrak og skipstømmer. Bønder med strandrett kunne få mykje nytte av slikt. Men det var nå ei litt selsom kveldsbøn ein bonde bad: "Herre, jeg beder: Lad ingen skibe i denne nat i storm og uvejr forlise, men viss sligt skulle skje,- lad det i din naade skje på mi straand"

Det går mot vår i skogen.

Det surlar i bekken når snøen brånar. 41x60cm. Olje på linlerrete. Trykk på maleriet så blir det større.

Maleri i forvandling.

Av og til gjer eg dramatiske ting. Eg har hatt eit stort maleri hengjande i atelieret i fleire år. 80x100cm. Men det var liksom sjel-laust. Så tok eg ein brei kost og smurde over heile maleriet og byrja å mala det om til eit strandmotiv. Resultatet ser de her.

 

Fjellbekk

Eg er ikkje blandt dei som går mykje i fjellet. Men her finn du mange fine stemningar og motiv.

Fjellbekk 50x70cm. Olje på linlerrete.

Månafossen i Frafjord

Eit av dei gilde motiv har vore i Frafjord. Både Månadalen og Månafossen. Dette maleriet er svært stort og høver neppe for ei stove i minimalismens tid. 100x80cm. Men for ein institusjon hadde det gjort seg.

Bestefars båtstø ved Klobningsteinen på Varhaug.

Det var ikkje så mange dagane ein båt kunne liggja i støa før han måtte på land. Det var ingen skjergard som tok av for vind og ver på Jæren. Når hausten kom måtte båtane dragast langt opp på land. Maleri 30x60 cm. Olje. Klikk på biletet så får du det større.

Eg har ein del malerier utlånt til ymse institusjonar. Eg har ikkje plass for dei heime og det er betre dei får vera synlege enn å vera bortstua på eit lager. Dette maleriet vart malt i 2005 og utlånt til Kongshaug Musikkgymnas i Os i Hordaland. Størrelsen er 80x120 cm. Klikk på biletet så får du det større.

Du finn stein og berg langs sjøen. Du finn det og i fjellet. Til deg du hei. 60x95 olje. MMXIV.X

Klikk på biletet så får du det større.

Attende til skogselva.

Ein mann frå Kenya var i Norge og når han kom heim fortalde han om kva som gjorde mest inntrykk på han i Norge. "Jau, det var vatn over alt."

Skogselv. 60x50 cm. Olje. Klikk på biletet så får du det større.

Uver

Ein skal vera glad for at ein kan vera på trygt land når stormen kjem. 46x65cm. Olje.

Mandolin

I heimen der eg vaks opp var det mykje song og musikk. Harpeleik, fioling, mandolin og gitar,- og song. Desverre ikkje piano. Det var nok utanom økonomisk rekkevidde på ein liten gard.

Strond

Havet kan ha slik ei dragande makt. Vakkert, fredeleg, men og brutalt. Her frå den meir fredelege sida. Maleri 46x81cm. Olje.

Elv i skogen.

Elv i skogen. 65x73cm. Olje på linlerrete. Eg tykkjer ofte at det er gildt og utfordrande å "mala vatn", især når det strøymer over elvesteinar. Fargane som er brukt er Titankvitt. Ultra Marine Blå. Brent Sienna. Oker og kadmium gul. Malemiddel er ein mix av kokt linolje, blank Benarlakk, valnøttolje og balsamterpentin, samt 2 dropar med koboltsiccativ. (litt farlege saker) Trykk på biletet så får du det større.

Maleri i 3 fargar.

I dette maleriet på 30x60 cm er det berre brukt 3 fargar. Titankvit, Brent Sienna og Ultra Marin Blå. Trykk på maleriet så får du det større. Det kjem vonleg fleire maleri etter kvart.

Inspirasjonen til dette maleriet kom etter ein tur i aug. 2014  ved Klobningsteinen på Varhaugstranda. Her hadde bestefar ei stø.